Brei utstilling om møbeldesign på Permanenten
12. september 2009 opnar utstillinga "Vær så god sitt" om norsk møbeldesign på Permanenten, Vestlandske kunstindustrimuseum. Utstillinga fokuserer både på klassisk og nyskapande møbeldesign.
|
|
|
|
| "Peel" 2002, Olav Eldøy | "Pytt", Ingunn Eikeland, masterstudent KHiB | "Say-O", Anders Berg, masterstudent KHiB |
Det er dekan Einar Wiig og professor Dave Vikøren ved fagområde møbel- og romdesign/interiørarkitektur, Avd. for design som saman med førsteamanuensis Jorunn Småland ved fagområde visuell kommunikasjon som har stått bak prosjektet i samarbeid med Permanenten Vestlandske kunstindustrimuseum i Bergen. Prosjektet er utviklet som eit tverrfagleg FOU-prosjekt ved designavdelinga.
Objekta ved utstillinga er valt ut av Dave Vikøren i samarbeid med Einar Wiig og har med både norske og internasjonale modellar. Utstillinga gir høve til å prøvesitte mange av dei mest klassiske stolane som er produsert av norske designarar. Utstillinga fokuserer både på klassisk og nyskapande møbeldesign.
- Den er ein manifestasjon av norsk møbeldesign si sterke stilling akkurat no, poengterer Einar Wiig. Med i utstillinga er og presentasjon av ei rekke prototypar av møblar designa av tidlegare og noverande studentar frå KHiB.
Utstillingsdesign av professor Dave Vikøren. Førsteamanuensis Jorunn Småland har stått for den visuell profilen som går igjen i utstillinga, boka og informasjonsmateriellet.
Bokutgivelse
Dekan Einar Wiig har skrevet ei bok som og fungerer som utstillingskatalog. Ho har same tittel som utstillinga og tek for seg alle dei utstilte objekta med informasjon om bakgrunn og konsept for dei ulike designarane. Boka er ein del av Wiig sitt FoU-arbeid ved KHiB.
Jorunn Småland har stått for den grafiske profilen og utforminga av m.a. det særprega mønsteret som projiserast på fem meter høge lerret inne i utstillingslokala.
Utstillinga står frå 12. september 2009 til 31. januar 2010. Fra mai 2010 skal ho settast opp på Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design i Oslo og arrangørane arbeider for å sette ho opp i London og Tokyo òg.
Bilete av dei ulike objekta på utstillinga
Sjå bilete frå utstillingsopninga
Les meir på heimesidene til Kunstmuseene i Bergen: Levende norsk møbeldesign
Vignett
Sjå vignetten for utstillinga, laga av KHiB-student Jørgen Håland ved fagområde visuell kommunikasjon.