Røff gaid til keramikken

Keramikk kan vera så mangt og opptrer like sjølvsagt innafor arkitektur og visuell kunst som innanfor design og industri. Eit historisk tilbakeblikk er difor naudsynt for å forstå dei ulike posisjonane og diskusjonane som gjer seg gjeldande på dette motsetningsfulle feltet i dag.
Hovudvekta i dei to dobbeltførelesingane vil liggja på dei siste 150 åra og ei drøfting av omgrep som kunstindustri, kunsthandverk, brukskunst, keramisk kunst og konseptuell keramikk. Utstillingane Dirt on Delight og Object Factory som sommaren 2009 har vore viste i USA, vil bli brukte som peilemerke for aktuelle holdningar og posisjonar. Førelesingane rettar seg først og fremst mot nye studentar på keramikk, men studentar frå andre årgangar er også velkomne.

Gaid: Professor Jorunn Veiteberg

Stad: Prosjektrommet, keramikk, Strømgt. 1

Anbefalt litteratur:
Gunnar Danbolt og Randi Gaustad: Samtidskeramikk, Oslo 1990. Særleg kapitlet ”Norsk keramikk fra 1940 til i dag” s. 9-42.

Claire Twomey: ”Contemporary Clay”, i: Breaking the Mould: New Approaches to Ceramics, London 2007 s. 26-37.

Jorunn Veiteberg: “Slutt for kunsthandverket?”, i: Veiteberg: Kunsthandverk. Frå tause ting til talande objekt, Oslo 2005 s. 11-42.

Edmund de Waal: 20th Century Ceramics, London 2003.


Arbeidsform:

Førelesing og diskusjon


Krav til forkunnskaper:

Ingen, men lesing av anbefalte tekstar blir forventa.

Kurset starter 21.09.2009 / Uke 39, og varer til 05.10.2009 / Uke 41

Sted: Prosjektrommet til keramikk

Tilbyder: Speskunst

Målgruppe: Keramikk

Årstrinn: Alle årstrinn

Antall plasser: 15

Kurs/prosjektleder:


Faglig stab:


Jorunn Veiteberg / 21.09.2009

Kunsthøgskolen i Bergen - +47 55 58 73 00 - Strømg 1, 5015 Bergen - Kontakt