FoU rapport for 2011
Fokusområde
Visuell identitet, stadsutvikling, brukarinvolvering, fasilitering og designmetodar
Stipendprosjektet «Identitetsdesign for geografisk avgrensa område» vart ferdigstilt i 2011. Gjennom det 3-årige stipendprosjektet har eg utvikla nye måtar å finna og formidla visuell stadsidentitet på, med utgangspunkt i samarbeidskommunen Kvam i Hardanger. Det er lansert ein alternativ visuell identitet, der ein viktig del er ein nettstad der innbyggjarane kan designa eigne profileringsprodukt, vera med å bestemma kva produkt som skal setjast i produksjon og ikkje minst lasta opp eigne visuelle bidrag. I tråd med den generelle samfunnsutviklinga har prosjektet hatt intensjon om å involvera innbyggjarane i langt større grad enn det som har vore vanleg når det gjeld å utvikla visuelle identitetar for kommunar, regionar eller nasjonar, samt å la brukarane ha større innverknad på sluttresultatet. Eg ønskjer å drøfta designaren si rolle i stadsutviklingsprosessar, og har vore opptatt av å etablera metodar og konsept som ikkje berre gjev innbyggjarane moglegheit til å delta undervegs, men som også gjev dei høve til å driva prosjektet vidare etter at designaren har reist.
Prosjektet er eit bidrag til eksisterande forsking knytt til stadsidentitet, stadsanalyse, samfunnsentreprenørskap og brukarinvolvering. Det designfaglege arbeidet vart stilt ut på rom8 i Bergen i desember 2010, mens den kritiske refleksjonen vart levert i februar 2011. Disputasen fann stad 26. mars 2011.
Les meir på www.visuellidentitet.no.
Hausten 2011 starta eg opp arbeidet med prosjektet «Pictogram-me», der empati, piktogram og brukarinvolvering er tre viktige stikkord. Prosjektet er støtta økonomisk av programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid og leia av professor Ashley Booth.
FoU-resultater for 2011
Disputas
Annet relevant/Other relevant - 26.03.2011 til 26.03.2011Workshop i regi av kompetansesenter for distriktsutvikling
Seminar/WorkshopWorkshop i regi av Kompetansesenter for distriktsutvikling, der temaet var omdømmearbeid i norske kommunar. Seniorrådgjevar Anne Irene Myhr og Birte Fossheim oppsummerer workshopen i artikkelen: «Godt omdømme som resultat av utviklingsarbeid»: «Det finst ikkje ei «oppskrift» på omdømmearbeid som alle kommunar vil lykkast med. Kommunane er mangfaldige og har eit stort spenn i oppgåver som skal ivaretakast og som spelar inn på deira omdømme». Distriktssenteret har fokus på å byggje kompetanse knytt til lokalt utviklingsarbeid, og dette var bakgrunne for at dei arrangerte arbeidsverkstad med ulike fagfolk innanfor omdømmearbeid. I tillegg til presentasjon og diskusjon, resulterte samlinga i fire notat med ulik vinkling på utfordringane knytt til omdømmearbeid: «For å bestemme ei felles retning for ein kommune sitt utviklingsarbeid, er det nyttig å gjennomføre ei identitetskartlegging. Prosessen med å definere identiteten til ein stad, krev brei forankring og deltaking hjå innbyggjarane i ein kommune. Ein kommune med fleire bygder vil gjerne ha fleire identitetar. Arbeidet med å finne identiteten til ein stad må vere dynamisk. Nye innbyggjarar/tilflyttarar må få sleppe til med innspel. Historisk tilbakeblikk kan vere nyttig for å finne kvalitetar ein kan ta med seg i framtidig utvikling. Det å finne staden sitt lokale særpreg er vorte ein etterspurt ressurs. Eit auka kunnskapsnivå om staden, kan medverke til sterkare samhald og tilhøyrigheit blant innbyggjarane. Linda Lien ved kunsthøgskulen i Bergen har skrive doktoravhandling om visuell identitet som kan vere til inspirasjon her». Les heile artikkelen
Metodekurs og -forelesing
Seminar/WorkshopMed utgangspunkt i stipendprosjektet har eg vidareutvikla metodekurset for designstudentar, og utvikla forelesinga Metodomania. I samarbeid med andre fagleg tilsette ved KHiB arbeider eg med utprøving og formidling av metodar rundt brukarinvolvering, idéutvikling m.m.
Bilete: Studentarbeid utvikla under kurset som del av øving for å koma i «flyt».
Forelesing
Eksternt foredrag/External lecture - 01.11.2012 til 01.11.2012Forelesing om «Open End Solutions» for Master-studentar ved produktutviklingslinja, Høgskolen i Oslo og Akershus.
Kritisk refleksjon
Publikasjon/PublicationIdentitetsdesign for geografisk avgrensa område - eller den kollektive stadsidentiteten i den personlege merkevarebygginga si tid: Kritisk refleksjon med utgangspunkt i stipendprosjekt. 94 sider. Den kritiske refleksjonen kan lastast ned frå www.visuellidentitet.no (pdf).
«Pictogram-me»
Annet relevant/Other relevant - 21.11.2011 til 15.12.2011«Pictogram-me» started in the autumn 2011. During three weeks it took place a course in «pictogrammatics» for bachelorstudents in visual communication. Students should learn about methods for userinvolvement and about developing pictograms, and we should learn more about the challenges they met and be inspired by different solutions. The course was based on lectures, workshops, sketching, drawing, dancing, discussions, presentations and not at least collaboration with The Salvatore Army and homeless people in the city of Bergen. We involved assosiate professor and antrophologist Mary-Bente Bringslid from the University of Bergen and the dancer Hege Østby, ex. Carte Blanche, amongst others. The course was based on a one week course where the students learned about facilitating and how to develope ideas for new ways of involving different user-groups.
Omtaler for 2011
Kompetansesenter for distriktsutvikling
Web / Omtale/Editorial coverage - http://www.distriktssenteret.no/nyheter/2011/10/difor-bor-kommunen-bruke-tid-paa-omdommearbeidArkitektur N 04/11
Fagtidsskrift/Professional Journal / Omtale/Editorial coverage -«Identitetsdesign for geografisk avgrensa område: Den kollektive stadsidentiteten i den personlege merkevarebygginga si tid»