FoU rapport for 2012
Fokusområde
Visuell identitet, stadsutvikling, brukarinvolvering, fasilitering, designmetodar
Utviklingsarbeidet spring i hovudsak ut frå det avslutta stipendprosjektet «Identitetsdesign for geografisk avgrensa område - eller den kollektive stadsidentiteten i den personlege merkevarebygginga si tid». Her var utgangspunktet identitetsdesign, men etter kvart handla prosjektet like mykje om endringar i designarrolla, metodar for å involvera og engasjera ulike brukargrupper, samt metodar for å skapa ein god kreativ prosess for designaren sjølv. Utforskinga av metodar held fram, i samarbeid med kollegaer, studentar og eksterne aktørar som Kriminalomsorgen.
Saman med høgskolelektor og interiørdesignar Bente Irminger utforskar eg kva designaren treng av kunnskap og metodekjennskap for å overleva fagleg i ei tid der utviklinga går raskare og raskare, og der mengden informasjon og kva ein bør kunna og vita aukar og aukar. Prosjektet har arbeidstittel «Designerens lille røde / survival kit». Her er me også opptatt av å eksperimentera med det visuelle språket og kor få ord me treng for å formidla eit utviklingsprosjekt.
Hovudfokuset har likevel vore prosjektet Pictogram-me, leia av professor Ashley Booth, og økonomisk støtta av programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid. Her har eg ansvaret for metodeutforsking og brukarinvolvering. Prosjektet er tverrfagleg og tverrinstitusjonelt.
Les meir om stipendprosjektet på visuellidentitet.no. Utforsk fleire ressursar på pinterest.com/methodomania
FoU-resultater for 2012
Seminar om kritisk refleksjon, dokumentasjon og formidling
Seminar/Workshop - Oslo - 30.01.2012 til 01.02.2012Seminar for nye stipendiatar i programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid. Tema var kritisk refleksjon, dokumentasjon og formidling. Eg var med og utvikla programmet og fungerte som moderator for delar av seminaret, i tillegg presenterte eg eige stipendprosjekt, og stod ansvarleg for å planleggja og gjennomføra workshop for stipendiatane.
I workshopen tok me blant anna for oss metodar og prosessar som kan føra fram til nyskapande resultat, både når det gjeld sjølve det kunstneriske arbeidet og formidlinga av den kritiske refleksjonen. Arrangør: Stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid.
Les meir om programmet: http://www.kunststipendiat.no
Deltaking i fagleg forum
Seminar/Workshop - Kristiansand - 08.03.2012 til 08.03.20128. mars 2012 presenterte eg stiendprosjektet og erfaringane mine med å driva kunstnerisk utviklingsarbeid i eit fagleg forum for tilsette og masterstudentar ved Uiniversitetet i Agder, Kristiansand, fakultet for kunstfag. Eg var invitert for å bidra i diskusjonen omkring forsking gjennom kunstnerisk / praktisk arbeid eller «artistic practice as research». Etter foredraget hadde eg gruppesamtale med masterstudentane. Deltakinga i det faglege forum gav også relevante diskusjonar omkring til dømes utvikling av problemstillingar. Vert problemstillingan betre om dei vert designa fram ut frå eit tema, eller må tenkjast og skrivast fram? Kva skil designfaglege arbeid frå designfaglege utviklingsarbeid, og utviklingsarbeid frå tradisjonell forsking?
Utdrag frå invitasjonen: Ut fra vårt fakultets ambisjon om å være gode på kunstnerisk utviklingsarbeid, har jeg (fagansvarleg Tormod W. Anundsen, min merknad) utfordret henne til å snakke om hva kunstnerisk utviklingsarbeid er, ut fra erfaringene i hennes prosjekt. I dette prosjektet jobbet hun med utvikling av den visuelle identiteten til Kvam kommune i Hordaland. Denne type arbeid reiser spørsmål med kunstnerens rolle i forhold til «verket» og målgrupper (eller publikum), hva som er forskning, om det er forskjell på forskning og kunstnerisk arbeid, betydningen av kritisk refleksjon i kunstnerisk utviklingsarbeid, og andre debatter relevante for fagutviklingen på fakultetet.
Om UiA/studiet: http://www.uia.no/no/portaler/student/studierelatert/studiehaandbok/11-12/kunstfag_-_masterprogram
Rettleiar om designaksjonisme
Publikasjon/Publication
«Designeren som aksjonist» er ein publikasjon som spring ut frå eit fellesfagleg kurs for første års masterstudentar i design hausten 2011. I publikasjonen presenterer me metodar som vart brukt under kurset, utdrag frå studentane sine dagbøker og erfaringar og resultat frå dei fire gruppeprosjekta.
Heftet vart lansert 20. april 2012, og kan lastast ned på Methodomania (pdf).
Vegvisar i designterrenget
Verk/Artistic or design workSaman med høgskolelektor og interiørdesignar Bente Irminger utforskar eg kva designaren treng av kunnskap og verktøy for å overleva fagleg i ei tid der utviklinga går raskare og raskare, og der mengden informasjon og kva ein bør kunna og vita aukar og aukar. Prosjektet har arbeidstittel «Vegvisar i designterrenget». Biletet viser litt av researchen.
Draumebarnehagen
Annet relevant/Other relevant - 01.01.2012 til 31.12.2012Prosjektet utforskar korleis kartlegging av framtidsønske og visualisering kan bidra til å skapa positiv utvikling i ein barnehage. Barn ned i toårsalderen har medverka gjennom workshoper der dei har laga collagar som viser korleis deira draumebarnehage ser ut, og dei har deltatt i val der stemmesetlane var sett saman av fargepalettar, i staden for politiske parti. Prosjektet er idealistisk og utgangspunktet er at eg som foreldrerepresentant ønskte å bidra til å synleggjera og realisera potensiale i barnehagen. Så langt er det gjennomført analyse og kartlagt ønske, eit rom er pussa opp med blant anna gjenbrukt kunstgras frå den lokale idrettsplassen, det er etablert ei motorsportressursgruppe og det er utvikla ein visjon og ein treårig handlingsplan. Prosjektet byggjer på erfaringar frå stipendprosjektet mitt i design og er basert på inkludering, brukarmedverknad og visualisering som endringsverktøy.
«Pictogram-me»
Annet relevant/Other relevant - 21.11.2011 til 15.12.2011I´ve developed a working-book for the project. This is work in progress.
Stadsutvikling på svensk
Seminar/Workshop - 21.05.2012 til 22.05.2012Kalmar kommune i Sverige var vert for ein nasjonal konferanse om stadsutvikling, med særskilt vekt på kulturens og identitetens rolle. Programmet var internasjonalt, med stadsplanleggjarar, designarar og kunstnarar bla. frå Danmark, Nederland, Sveits, England og Noreg. Eg presenterte stipendprosjektet i to parallelle sesjonar, i kompaniskap med kunstnar Steve Messam frå Cumbria, UK. Presentasjonane tangerte kvarandre, sidan han arbreider med tidsavgrensa landart som vert utvikla i nært samarbeid med lokalfolket, og som har som mål å gjera stadene meir attraktive gjennom utandørs kunst inspirert av lokal kultur og historie. Under den to dagar lange konferansen, som hadde rundt 150 deltakarar, var det også World Café der deltakarane og forelesarane diskuterte ulike spørsmål knytt til stadsutvikling.
KoMa: something left over
Seminar/Workshop - 31.05.2012 til 31.05.2012Is it possible to make a very simple and borring task into an exciting happening? In this project the goal was just to clean up our working space in Kong Oscarsgate in Bergen for the summer. We decided to turn the whole building into a museum for as few hours, hosting an unigue exhibition. KoMA, Kong Oscarsgate Museum of Modern Art and Design opened at 9 in the morning, and closed at 12. The whole project was an experiment were we played with user involvment and vizualising as a tool for making changes. From the exhibition catalog:
You´ve seen the results, but have you ever seen what is behind all the great products and ideas produced by the designers of tomorrow? In this exhibition you will be able to take a look behind the scenes - and under the desks. The exhibition take place in Kong Oscarsgt. 62 in Bergen. Including a celaning up performance, a workshop and a students meeting. Curated by Vilde Braanaas and Linda Lien. Museum Shop arranged by Sindre Holm and Magnus Nyquist.
Artikkelbidrag i antologi
Publikasjon/Publication - 24.08.2012 til 24.08.2012
Antologien Bygdeutviklingas paradoks hadde sleppfest på Universitetet i Bergen i august 2012.
Eg har levert bidraget «identitet på anbod», som tek utgangspunkt i eit identitetsprosjekt i Kvam kommune, og som drøftar etiske utfordringar og paradoks knytt til identitetsdesign for kommunar.
Frå bokomtalen:
For mange norske bygder er framtida eit spørsmål om utvikling eller avvikling. Staten stør talrike bygdeutviklingsprosjekt for å stimulere næringsverksemd og «bulyst», med utgangspunkt i alt frå museum og landskapsvern til spaverksemd og gammal matkultur. Dette inneber jakt på lokal eigenart og strev for å bli synleg i ein marknad for «lokal sjarm». Denne boka viser fram mangfaldet i norske bygdesamfunn, frå skogsbygder i Nord-Sverige eller i Østerdalen, til kystbygder i Lofoten eller på Vestlandet og rettar eit kritisk lys mot nokre av premissa for bygdeutvikling. Boka diskuterer dei paradoksa bygdeutviklinga lett havnar i: Iscenesetjinga av det lokale med tanke på å bli sett utanfrå, tærer på den autentisiteten som blir etterspurt.
Boka er gjven ut på Scandinavian Academic Press / Spartacus Forlag AS, med førstemananuensis Mary-Bente Bringslid som redaktør.
Nøkkelord: Bygdeutvikling, identitet, bosettingspolitikk, sosialantropologi.
Les meir: Spartacus Forlag
Presentasjon på Re:Place-seminar
Eksternt foredrag/External lecture - 13.10.2012 til 13.10.2012Presentasjon av stipendprosjektet om Kvam i Kvam for deltakarane på seminaret Re:Place, arrangert av Kunst- og Designhøgskolen i Bergen. Les meir om Re:Place.
Presentasjon på stipendiatsamling
Eksternt foredrag/External lecture - 23.10.2012 til 23.10.2012Presentasjon av prosjektet Pictogram-me under stipendiatsamling i Bergen i oktober 2012. Samlinga vart arrangert av det norske nasjonale programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid.