Innføringskurs i Adobe InDesign

Eit kurs i grunnleggjande layout-utforming ved hjelp av InDesign.

Gjennom dette kurset skal du få kunnskap om alle trinn som trengst for å skape eit dokument som kan leverast til trykkeri eller skrivast ut på ein skrivar;
bearbeiding av biletmateriale i Photoshop, oppsett av dokument i ulike format, objektbasert layout, fargeprofilar og ulike metodar for å lage malar, stilar og ein heilskapleg layout på dokumentet som skal trykkast.
Kurset rettar seg hovudsakleg mot BA3- og MA2-studentar som skal levere eksamensoppgåve, men eignar seg som ei innføring i layout som kan brukast til dei fleste fordokument som skal trykkast, evt. eksporterast som pdf-filer for nedlasting.

På kurset vert det gått gjennom følgjande:

*Introduksjon til objektbasert layout og dette programmet
-kva/korleis/kvifor/når
-brukargrensesnitt
-palettar
-organisere palettar
-menyar

*Biletklargjering i Photoshop
-oppløysing
-CMYK/RGB
-rett filformat

*Oppretting av nye dokument
-margar, spalter, tosidig vs. einsidig
-dokumentoppsett
-korleis jobbe med linjalar og hjelpelinjer
-korleis jobbe med ulike lag

*Basisferdigheiter
-opprette objekt, boksar, strekar
-markere og bearbeide objekt
-flytte, kopiere, justere og plassere objekt
-forandre storleik og form på objekt

*Arbeid med bilete
-setje inn bilete
-endring av storleik på bilete og ramme o.l.
-korleis sikre rett opløysing (dpi) på biletet
-endre plassering av bilete i rammer
-transparens

*Arbeid med tekst
-tekstboksar
-skrive tekst
-innsetjing av tekst
-kopling av tekstboksar
-tekst og avsnittsformatering
-tekstflyt rundt objekt

*Malar og stilar
-korleis opprette, bruke og endre tekst og avsnittsstilar
-korleis opprette, bruke og endre sidemalar
-sidenummerering
-endring av malelement på ei side

*Ferdigstilling av dokument
-klargjering av PDF-filer til trykking/utskrift
-kva skal med når du leverer


Arbeidsform:

Praktisk workshop med innføring, døme og eige arbeid under rettleiing.

Mykje sjølvstendig arbeid, men ikkje nok maskiner til alle. Ta med laptop med InDesign, eller del datamaskina med naboen.

måndag 11–16: Introduksjon til objektbasert layout, klargjering av bilete i Photoshop
tysdag 10–15: Oppsett av dokument, ulike objekt. Eige arbeid.
onsdag 10–15: Lage master, stilar og malar. Eige arbeid.
torsdag 10–15: Arbeid med tekst, flyt, design. Eige arbeid.
fredag 10–15: Ferdigstilling, pakking, feilsøking, eksportering, levering. Eige arbeid.


Krav til forkunnskaper:

Grunnleggjande datakunnskapar, Adobe Photoshop, digital biletbehandling.

Alle bør ha med digitale bilete og tekst som kan danne grunnlag for eige arbeid.

Kurset starter 09.11.2009 / Uke 46, og varer til 13.11.2009 / Uke 46

Sted: Datalab i 3.etasje på Akademiet

Tilbyder: Akademiet

Målgruppe: Akademiet
MA Kunst

Årstrinn: Bachelor 3
Master 2

Antall plasser: 12

Kurs/prosjektleder: Linge, Elida Brenna

Faglig stab:

Røed, Ellen Johanne

ellen.roedSPAMFILTER@khib.no Stipendiat

Heidi Wallevik / 19.08.2009

eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS