Tekstil kan vera så mangt: teppe, telt eller tråd, filt, fiber eller filler, hobbysyssel, kledeproduksjon eller visuell kunst. Eit historisk tilbakeblikk er naudsynt for å forstå dei ulike posisjonane og diskusjonane som gjer seg gjeldande på dette motsetningsfulle feltet i dag.
Hovudvekta i dei to dobbeltførelesingane vil liggja på dei siste 150 åra og ei drøfting av omgrep som kunstindustri, brukskunst, kunsthandverk, tekstilkunst, ”fiber art” og konseptuell tekstil. Eksempel på kunstverk og utstillingar vil bli trekt inn som peilemerke for aktuelle holdningar og posisjonar. Førelesingane rettar seg ført og fremst mot nye studentar på tekstil, men studentar frå andre årgangar er også velkomne.
Litteraturliste over anbeflet litteratur vil koma.
Gaid: Professor Jorunn Veiteberg
Arbeidsform:
Førelesing og diskusjon
Krav til forkunnskaper:
Ingen, men det blir forventa at litteratur som blir anbefalt blir lest.
Kurset starter 15.09.2009 / Uke 38, og varer til 06.10.2009 / Uke 41
Sted: Foredragssalen, Marken 37
Tilbyder: Speskunst
Målgruppe: Tekstil
Årstrinn: Bachelor 1
Antall plasser: 12
Kurs/prosjektleder:
Faglig stab: