FoU rapport for 2012

FoU-rapport 2012

Fokusområde

Visuell identitet, stadsutvikling, brukarinvolvering, fasilitering, designmetodar

Utviklingsarbeidet mitt spring i hovudsak ut frå det avslutta stipendprosjektet «Identitetsdesign for geografisk avgrensa område - eller den kollektive stadsidentiteten i den personlege merkevarebygginga si tid». Her var utgangspunktet identitetsdesign, men etter kvart handla prosjektet like mykje om endringar i designarrolla, metodar for å involvera og engasjera ulike brukargrupper, samt metodar for å skapa ein god kreativ prosess for designaren sjølv. Utforskinga av metodar held fram, i samarbeid med kollegaer, studentar og eksterne aktørar som Kriminalomsorgen.

Saman med høgskolelektor og interiørdesignar Bente Irminger utforskar eg kva designaren treng av kunnskap og metodekjennskap for å overleva fagleg i ei tid der utviklinga går raskare og raskare, og der mengden informasjon og kva ein bør kunna og vita aukar og aukar. Prosjektet har arbeidstittel «Designerens lille røde / survival kit». Her er me også opptatt av å eksperimentera med det visuelle språket og kor få ord me treng for å formidla eit utviklingsprosjekt.

Hovudfokuset har likevel vore prosjektet Pictogram-me, leia av professor Ashley Booth, og økonomisk støtta av programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid. Her har eg ansvaret for metodeutforsking og brukarinvolvering. Prosjektet er tverrfagleg og tverrinstitusjonelt.

Les meir om stipendprosjektet på visuellidentitet.no. Utforsk fleire ressursar på pinterest.com/methodomania

FoU-resultater for 2012

Seminar om kritisk refleksjon, dokumentasjon og formidling

Seminar/Workshop - Oslo - 30.01.2012 til 01.02.2012

Seminar for nye stipendiatar i programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid. Tema var kritisk refleksjon, dokumentasjon og formidling. Eg var med og utvikla programmet og fungerte som moderator for delar av seminaret, i tillegg presenterte eg eige stipendprosjekt, og stod ansvarleg for å planleggja og gjennomføra workshop for stipendiatane.

I workshopen tok me blant anna for oss metodar og prosessar som kan føra fram til nyskapande resultat, både når det gjeld sjølve det kunstneriske arbeidet og formidlinga av den kritiske refleksjonen. Arrangør: Stipendprogrammet for kunstnerisk utviklingsarbeid.

Les meir om programmet: http://www.kunststipendiat.no

Les mer...


Deltaking i fagleg forum

Seminar/Workshop - Kristiansand - 08.03.2012 til 08.03.2012

8. mars 2012 presenterte eg stiendprosjektet og erfaringane mine med å driva kunstnerisk utviklingsarbeid i eit fagleg forum for tilsette og masterstudentar ved Uiniversitetet i Agder, Kristiansand, fakultet for kunstfag. Eg var invitert for å bidra i diskusjonen omkring forsking gjennom kunstnerisk / praktisk arbeid eller «artistic practice as research». Etter foredraget hadde eg gruppesamtale med masterstudentane. Deltakinga i det faglege forum gav også relevante diskusjonar omkring til dømes utvikling av problemstillingar. Vert problemstillingan betre om dei vert designa fram ut frå eit tema, eller må tenkjast og skrivast fram? Kva skil designfaglege arbeid frå designfaglege utviklingsarbeid, og utviklingsarbeid frå tradisjonell forsking?

Utdrag frå invitasjonen: Ut fra vårt fakultets ambisjon om å være gode på kunstnerisk utviklingsarbeid, har jeg (fagansvarleg Tormod W. Anundsen, min merknad) utfordret henne til å snakke om hva kunstnerisk utviklingsarbeid er, ut fra erfaringene i hennes prosjekt. I dette prosjektet jobbet hun med utvikling av den visuelle identiteten til Kvam kommune i Hordaland. Denne type arbeid reiser spørsmål med kunstnerens rolle i forhold til «verket» og målgrupper (eller publikum), hva som er forskning, om det er forskjell på forskning og kunstnerisk arbeid, betydningen av kritisk refleksjon i kunstnerisk utviklingsarbeid, og andre debatter relevante for fagutviklingen på fakultetet.

Om UiA/studiet: http://www.uia.no/no/portaler/student/studierelatert/studiehaandbok/11-12/kunstfag_-_masterprogram

Les mer...


Rettleiar om designaksjonisme

Publikasjon/Publication

«Designeren som aksjonist» er ein publikasjon som spring ut frå eit fellesfagleg kurs for første års masterstudentar i design hausten 2011. I publikasjonen presenterer me metodar som vart brukt under kurset, utdrag frå studentane sine dagbøker og erfaringar og resultat frå dei fire gruppeprosjekta.
Heftet vart lansert 20. april 2012, og kan lastast ned på Methodomania (pdf).

Les mer...


«Designerens lille røde» / «Survival kit»

Verk/Artistic or design work

Saman med høgskolelektor og interiørdesignar Bente Irminger utforskar eg kva designaren treng av kunnskap og verktøy for å overleva fagleg i ei tid der utviklinga går raskare og raskare, og der mengden informasjon og kva ein bør kunna og vita aukar og aukar. Prosjektet har arbeidstittel «Designerens lille røde / survival kit». Biletet viser litt av researchen.

Les mer...


Draumebarnehagen

Annet relevant/Other relevant - 01.01.2012 til 31.12.2012

Prosjektet utforskar korleis kartlegging av framtidsønske og visualisering kan bidra til å skapa positiv utvikling i ein barnehage. Barn ned i toårsalderen har medverka gjennom workshoper der dei har laga collagar som viser korleis deira draumebarnehage ser ut, og dei har deltatt i val der stemmesetlane var sett saman av fargepalettar, i staden for politiske parti. Prosjektet er idealistisk og utgangspunktet er at eg som foreldrerepresentant ønskte å bidra til å synleggjera og realisera potensiale i barnehagen. Så langt er det gjennomført analyse og kartlagt ønske, eit rom er pussa opp med blant anna gjenbrukt kunstgras frå den lokale idrettsplassen, det er etablert ei motorsportressursgruppe og det er utvikla ein visjon og ein treårig handlingsplan. Prosjektet byggjer på erfaringar frå stipendprosjektet mitt i design og er basert på inkludering, brukarmedverknad og visualisering som endringsverktøy.

Les mer...


«Pictogram-me»

Annet relevant/Other relevant - 21.11.2011 til 15.12.2011

I´ve developed a working-book for the project. This is work in progress.

Les mer...


eZ Publish™ copyright © 1999-2012 eZ Systems AS