Typografi- og stilhistorie

Dette kurset vil gå over heile skuleåret og skal gi studentane ei skrifthistorisk oversikt. Kurset vil også gi innblikk i korleis ein møter typografiske utfordringar i eit yrke som grafisk designer/illustratør. Kurset vil ta for seg korleis skrifta har utvikla seg frå dei eldste tider og fram til moderne tid. Om korleis samfunnsmessige endringar og tekniske nyvinningar har påverka skrift og layout. Om tilknytinga til stilhistorien og om utvikling og endringar innan sjølve typografifaget. Historiske døme vert trekt inn, samstundes som ein ser parallellar til typografi og design av i dag. Kurset deler skrifthistoria inn i eldre og nyare historie rekna til før og etter 1920. Dess nærare vår eiga tid dess grundigare vert stoffet gjennomgått. Det vil verte fokusert både på det funksjonelle, det estestiske og det assosiative ved ulike skrifter. Studentane skal etter kurset sitje att med dei store linjene og dei viktigaste hendingane i typografihistoria, samt sjå verdien av faget i eit framtidig yrkesliv.


Workform:

Forelesing, oppgåver, filmar, vignettar og anna.


Prequalifications:

Ingen

The course starts 07/09/2009 / Week 37, and ends 12/10/2009 / Week 42

Location: Kong Oscarsgate 62, rom 201

Provider: Design
Viskom
Teori

Target group: Viskom

Target year of study: Bachelor 1

Capacity: 12

Course/projectleader:


Academic staff:


Einar Wiig / 26/08/2009

Kunsthøgskolen i Bergen - +47 55 58 73 00 - Strømg 1, 5015 Bergen - Kontakt