K-verdi: Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk
K-verdi er ei forkorting for forskingsprosjektet Kunstnarisk verdiskaping. Eit prosjekt om søppel og readymades, kunst og keramikk. Det ereit samarbeid mellom Kunsthøgskolen i Bergen og Vestlandske Kunstindustrimuseum, og ein del av Norges forskningsråd sitt KULVER-program.
Tidsramme: 1. august 2008 til 31. desember 2011.
Konferanse og utstilling
Utstillinga Ting Tang Trash. Oppvinning i samtidskeramikken opnar 17. september 2011 på Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum. Utstillinga er kuratert av Heidi Bjørgan og vil fylla heile museet med objekt og installasjonar av rundt 30 kunstnarar. Det vart og ein konferanse innafor samme tema med tittel Making or Unmaking? The Contexts of Contemporary Ceramics 27. - 29. oktober 2011 på Terminus Hall i KOng Oscarsgate. Den internasjonale konferansen markerer avsluttinga på forskingsprosjektet K-verdi.
Les meir om
Omforskingsprosjektet Kunstnarisk verdiskaping
Grensene mellom søppel, ting og readymades er flytande i kunsten, men orda signaliserer ulik verdi. Kva desse orda tyder, og kvifor så mange kunstnarar brukar vrakgods (tørr søppel) som kunstnarleg råstoff, står sentralt i K-verdi sine drøftingar. Svara vil bli presentert gjennom utstillingar, seminar, forelesingar og artiklar, og vil innebera drøftingar av spørsmål som: Kva har dei institusjonelle rammene å seia for statusen og verdien til eit kunstverk? Kva for tankesett ligg til grunn for diskusjonane om samtidskunst? Korleis skal institusjonar som kunsthøgskular og museum stilla seg til den materialbaserte samtidskunsten når materialet er blitt søppel og readymades? Kva slags kunnskap krev det av dei som skapar? Og korleis skal samlingar byggjast opp? Kva kan berre kastast, og kva bør takast vare på som del av kulturarven? Og korleis samla på det som er flyktig og forgjengeleg?
Les meir om K-verdi:
Personar som er engasjert i K-verdi
Les om andre FoU-prosjekt ved KHiB